Stormesteren besøkte Stord

Stormesteren besøkte Stord
   
||| ||| |||

Mandag 28. august fekk logen St Johanneslogen Håkon til den gyldne Hjelm (Hjelmen) besøk av Ordenens Stormester Ragnar Tollefsen og Provincialmester i Bergens Provincialloge, Hjalmar Olseth med følge.

I tillegg var det møtt fram Ordførande - og tidlegare Ordførande Mestrar både i frå Haugesund og Bergen, saman med andre brødre frå deira loger.

Møtet vart leia av vår Ordførende Mester Jan Arild Nesse.
Dette var første gang Ordenens Stormester var på besøk i Hjelmen; ja, i Sunnhordland i det heile. Han håpa at han kunne gjenta eit besøk seinare, med eller utan Stormesterkjede, som han sjølv sa. Ved taffelet vart det overrakt diverse gåver og medaljar både frå Stormesteren og Provincialmesteren i Bergen til logen og til Ordførende Mester Jan Arild Nesse personleg.

Det deltok 67 brødre i kveldens arbeide som satte stor pris på besøket.
Det var stor stemning blant dei frammøtte. Brødrene var også samstemde i at det er å håpe at det ikkje går for lenge til neste besøk, enten det er av Ordenens Stormester eller Provincialmesteren i Bergen, noko dei gav uttrykk for at dei ville prøva.


"Har du ein venn og trur vel om han, så gjest han ofte, for kratt gror til og gras blir høgt på vegen som ingen går." (Håvamål)

Sist redigert torsdag, 14 september 2023 09:40

Den Norske Frimurerorden, Nedre Vollgt. 19, 0158 Oslo. Postboks 506 Sentrum, N-0105 Oslo. Telefon: 22 47 95 00

Kontaktinformasjon til Ordenen og sentrale embedsmenn
Ansvarlig redaktør for nettsidene:
Teknisk ansvarlig for nettsidene:

For spørsmål om Min Side og ditt medlemskap:

Personvernerklæring

© 1749-2022 Den Norske Frimurerorden