Vest-Telemark St. Johannes FrimurergruppeNr. 367

Vest-Telemark St. Johannes Frimurergruppe

Vis møtekalender for Vest-Telemark Frimurergruppe

Onsdag den 22. april 2015 hadde Vest-Telemark frimurargruppe sitt vårmøte  på Vest-Telemark museum i Eidsborg.

19 brødre møtte fram og fekk  oppleve eit møte litt utenom det vanlege, eller rettare sagt noko meir enn det vanlege.

 

Vest-Telemark St.Johannes Frimurergruppe starta med eit brev frå Reidar Skogheim i 1997.

Brevet vart sendt til 15 brødre. På møtet 30.januar 1997 kom der 13 av desse 15. Det viste stor interessse og det vart bestemt å søkje om tillatelse til å starte ei frimurargruppe. Se bildet.

Eit møte som vart halde 5. mars 1997 av vår dåverande ordførande mester Wayne Roe Sæther. Namnet blei som kjent: VEST-TELEMARK ST.JOHANNES FRIMURERGRUPPE under 135. St.Johanneslogen Den gamle Ek.

Stiftelsesdato vart notera til 30. januar 1997.

Seinare vart det halde møter på Morgedal Hotell, på Bræks Motell i Kviteseid, på Nutheim Gjestgiveri og heime hjå Reidar. Me hadde òg mange fine turar med turistbåten Fram i Vrådal. Reidar som kaptein og guide. -Og så var det alltid ein som heldt eit lite foredrag om frimureriet. Nokre av samlingane hadde me med damer. For eksempel smalahovefest og rakfiskgilde hjå Bræks i Kviteseid. Me hadde òg jolebord på Nutheim med damer ein gong.

I alle år fram til 10. januar 2012 har Reidar vore formann og sekretær, og Arvid Syftestad nestformann og kasserar.

Frå 10. januar 2012 og fram til 14. mai 2014 har styret vore formann Jesper Gisselbæk Aagaard, nestformann og kasserar Arvid Syftestad og sekretær Morten Mellingen.

På møtet som me hadde 14. mai 2014 vart det valt nytt styre: Arne Øy formann. Arvid Syftestad nestformann, Ljupcho Shopov kasserer og Morten Mellingen sekretær.

No er det Arvid Syftestad som er leder, Harald Torjussen nestleder, Ljupcho Shopov kasserer og Morten Mellingen sekretær.

Leder       er broder Arvid Syftestad     som har mobilnummer 913 01 560 , mail:

Nestleder er broder Harald Torjussen  som har mobilnummer 957 67 782.

Kasserer  er broder Ljupco Shopov     som har mobilnummer 975 29 422

Sekretær  er broder Morten Mellingen som har mobilnummer 957 27 203, mail: 

Den Norske Frimurerorden, Nedre Vollgt. 19, 0158 Oslo. Postboks 506 Sentrum, N-0105 Oslo. Telefon: 22 47 95 00

Kontaktinformasjon til Ordenen og sentrale embedsmenn
Ansvarlig redaktør for nettsidene:
Teknisk ansvarlig for nettsidene:

For spørsmål om Min Side og ditt medlemskap:

Personvernerklæring

© 1749-2022 Den Norske Frimurerorden