Å samle på vener

Å samle på vener
   
||| ||| |||
Eg er ikkje av dei som samlar meg vener i hopetal på Facebook. Ikkje ellers heller forresten.
Dei som spør om venskap, seier eg med få unntak ja til. 
Men så samlar eg heller ikkje på uvener. Ein ven seier at det er to ting ein ikkje skal samle på i livet. Det er klattgjeld og uvener. 
Med klattgjeld meiner han det å skulde småbeløp til folk rundt omkring, noko som er heilt unødvendig i våre dagar med Vipps. 
Det andre seier seg sjøl. 
Nokre av dei som står som venner på Facebook-lista mi lever ikkje lenger. Ni vener på lista mi er døde og to andre vart vekke då Facebook-kontoen deiras vart sletta av pårørande. 
Eg veit ikkje kva andre gjer, men eg lar desse avlidne stå som dei står. Og kvart år minner Facebook meg på at dei har fødselsdag. For det har dei jo. Så får det våge seg om nokre gratulerer dei med dagen. Det er ikkje vondt meint. 
26.mai hadde ein kamerat frå barndomen fødseldag. Eg gratulerte han ikkje med dagen, for han døydde i 2021, 73 år gamal.  
Men eg mintes han i all stillhet. 
Så, pårørande - La kontoane bli ståande, slik at folk kan minnast dei avlidne. 
Tekst: Jan Leversund
 
ALDERDOMMEN
Alderdommen
løper etter deg
og tar deg igjen
 
Om du jogger
og holder deg i form
får du noen
ekstra runder
 
Døden står der
ved målstreken
og tar deg imot
 
Dikt: Anne Maria Midbøe Hauge
Sist redigert torsdag, 03 august 2023 09:43

Den Norske Frimurerorden, Nedre Vollgt. 19, 0158 Oslo. Postboks 506 Sentrum, N-0105 Oslo. Telefon: 22 47 95 00

Kontaktinformasjon til Ordenen og sentrale embedsmenn
Ansvarlig redaktør for nettsidene:
Teknisk ansvarlig for nettsidene:

For spørsmål om Min Side og ditt medlemskap:

Personvernerklæring

© 1749-2022 Den Norske Frimurerorden