Å tenke på døden
|||
|||
Ein kar spurte meg om kordan det gjekk og kva eg gjorde på som pensjonist.
Eg tenker på døden, svarte eg.
Han smålo litt og lurte på om eg gjorde det heile tida. Du gjer vel på noko anna? Sånn inn i mellom?
Jo da. Eg er nå ikkje heilt hekta heller.
"SARKOFAG" , sa Kongen i talen sin her om dagen. Og heile salen med stortingsfolk og andre prominente gjester lo. Også Dronninga.
Han håpte at sarkofagen ville bli godt polstra, for me skal jo ligge der en stund, sa han, til stor applaus i frå salen.
I Japan har det i mange år vore ein trend å sjå på likkister i god tid på førehand.
Der velger folk ut kista dei ønsker seg. Størrelse, form og farge. Så prøveligg dei den polstra kista for å kjenne om ho passar og er behageleg å ligge i. Det er vindu i lokket slik at dei ikkje skal føle seg heilt innestengde. I tillegg tek dei ut gravsteinen med innlagt LED lys.
Ei meir konkret handling enn dette, går det vel ikkje an å gjere. Om ein med det blir meir fortruleg med å døy, er vel usikkert, men ei påminning om det som skal komme, er det.
"Memento homo, quia pulvis es, et in pulverem reverteris! - Husk, menneske, av støv er du kommet, og til støvet skal du vende tilbake! "
Men ein treng ikkje reise til Japan for å prøveligge kister.
Ein bedrift på Birkeland i Aust-Agder tilbyr likkister som byggesett. Dei sendes flatpakka med god monteringsanvisning til, slik at til og med dei som har problemer med å montere IKEA - møbler, skal kunne klare det på eiga hand.
"Dette for å gjere døden mindre tabubelagt", seier dagleg leiar Gunnar Adolf Aanesland til NRK/Sørlandet i eit intervju i 2017.
I 1993 var eg på eit kurs på Lillehammer der temaet var "Omsorg ved livets slutt."
Ein kveld såg me ei teaterforestilling på Maihaugen. Det var ei sterkt forkorta og omarbeidd utgåve av Peer Gynt, og det var bare sluttscenen som vart vist for oss. Den kor Mor Åse ligg og skal døy.
I den versjonen fortalte ikkje Peer Gynt v/Kim Haugen om reinsdyrbukkar i Jotunheimen, men om skeiseløp.
Mens Mor Åse låg der i senga og var redd for å døy, sat Peer Gynt v/ Kim Haugen ved sida av og ramsa opp rundetidene til Hjallis då han i 1949 sette verdsrekord på 10 000 meter skeiser.
Og mellom kvar passering kommenterte han løpet, runde for runde.
Men då Hjallis gjekk i mål den kvelden, hadde Mor Åse allereide passert sin målstrek; utan at Peer Gynt hadde merka det.
Då me gjekk heim etter forestillingen på Maihaugen, passerte me ei løe på området. Der heldt folk på med å lage likkister, slik dei gjorde på bygdene før i tida.
Låvedørene var opne og lyset frå låven skein ut i kveldsmørket.
Der på låvebrua låg ein kar på rygg oppi ei likkiste han hadde laga. Han låg med folda hender og song høgt på ei salme i den stjerneklåre kvelden.
Det var den salmen som Hans Nielsen Hauge gjekk og song på då han fekk si kallsoppleving ute på åkeren 5. april 1796.
"Jesus, din søte forening å smake
Lenges og trenges mitt hjerte og sinn;
Riv meg fra alt det meg holder tilbake,
Drag meg i deg, min begynnelse, inn!
Vis meg rett klarlig min jammer og møye,
Vis meg fordervelsens avgrunn i meg,
At seg naturen til døden kan bøye,
Ånden alene må leve for deg! "
Av Jan Leversund