Honnørteikn til br Trygve Nagell Dahl

OM Karl A. Sandvik og Trygve Nagell Dahl
OM Karl A. Sandvik og Trygve Nagell Dahl Jørn Olav Myhre
OM Karl A. Sandvik og Trygve Nagell Dahl OM Karl A. Sandvik og Trygve Nagell Dahl Jørn Olav Myhre

I julemøtet 2. desember i Haakon tdg Hjelm vart brødrene si merksemd retta mot br Trygve Nagel Dahl, då han mottok logen sitt Honnørteikn av OM Karl Sandvik. Det var stort oppmøte i salen og blant anna fleire brødre frå Bergen og Haugesund hadde teke turen denne kvelden. Det vart ei høgtidsam oppleving når ein tydeleg glad broder Trygve fekk fortent honnør, tildelingsbrevet innramma og nål på brystet.

I grunngjevinga frå Provincialmeisteren står mellom anna dette:

«[....]Det fremgår av andragende at br. Nagell Dahl ble medlem av Frimurerorden i 1954, da han fikk sin I grad i St. Johs.logen Oscar til de syv Bjerge. Videre fremgår det at br. Nagell Dahl var en aktiv pådriver for å få startet en Frimurergruppe for Sunnhordland i 1984 og at han i 1986 var med på å etablere Stord St. Johannes Broderforening, som ble grunnlaget for at Stord fikk sin Deputasjonsloge under St.Johs.logen Carl til den norske løve i 1992.

Da det i 2004 ble det søkt om å få egen St.Johs.loge i Sunnhordland, så var det en vanskelig og viktig beslutning hvor br. Nagell Dahl hadde en fremtredende rolle i de vurderinger som lå til grunn for at det ble besluttet å fremme søknaden.

I en alder av 87 år er han fortsatt aktiv som en inspirator i sitt virke i logen og blant brødrene [....] »

Etter taffelet fekk me tid til ein liten drøs med br Trygve og stilte han nokre spørsmål.

- Kva var det som for vel 60 år sidan fekk deg til å gå inn i logen som 27-åring?

- Både bestefar min og far min var logebrødre (hhv Kristoffer Arnt Nagell Dahl og Knud Dahl; red anm) og det var vel far min som sa at det hadde vore bra for meg. Det verka intressant, så slik vart det. Etter skulegong, bl anna Bergen Katedralskole, vart det slik at eg kom heim og gjekk inn i handelsverksemda i familien som 20-åring. Då eg vart 27 gjekk eg inn i Oscar til de syv Bjerge som hadde lokaler i Kaigaten, hugsar eg.

- Kva er det viktigaste logen har gjeve deg i alle disse åra?

- Gode venskap. Eg har opplevd logen som ein plass å treffa hyggjelege mennesker og fått mange gode vener.

- Du som har sett logen og logearbeid gjennom so mange år, har du inntrykk av endringar undervegs?

- Å ja, det har endra seg eindel. Endringar er naturlege, for samfunnet er i endring og logen speglar óg dette. Ei av dei største endringane er at no har mannfolk det so travelt at dei ikkje har tid til å gå inn i logen før dei vert godt voksne, og vel så det. Det er óg ei endring i samfunnet. Eg tykkjer at det er litt uheldig.

- Har du eit godt råd til nye brødre som kjem inn i logen?

- Det må vera å hugse på at det viktigaste er å delta. Enkelt og greitt. Still opp på møter og vær så engasjert som du kan. Då får ein mykje ut av logearbeidet.

Me takkar br Trygve for tida og praten og slepp til alle dei andre brødrene som står i kø for å få eit ord med den varme og smilande pioneren og veteranen, før dei må gå for kvelden.

 

Sist redigert tirsdag, 26 mai 2015 22:59

Den Norske Frimurerorden, Nedre Vollgt. 19, 0158 Oslo. Postboks 506 Sentrum, N-0105 Oslo. Telefon: 22 47 95 00

Kontaktinformasjon til Ordenen og sentrale embedsmenn
Ansvarlig redaktør for nettsidene:
Teknisk ansvarlig for nettsidene:

For spørsmål om Min Side og ditt medlemskap:

Personvernerklæring

© 1749-2022 Den Norske Frimurerorden