Det var kjekt å sjå deg att

| | Foto: |

Hei, sa eg idet eg passerte han mellom to reolar på SPAR-butikken. Han tok nokre steg vidare forbi meg, før han snudde seg. I hendene heldt han ein plastpose med ei kanelbolla og ei lita flaske Coca Cola utan sukker. Skulle visst på eit eller anna arbeide. Nei men, - e da ikkje? E da ikkje? Eg lot han stå slik og kinna ei lita stund. Lyset var ennå ikkje slått på i augene, men rynkene i panna under capsen vitna om at han jobba med saken. Leversund, sa eg. Å ja, - no ser eg da. - No ser eg da. 

Eg såg det var eit kjend anlet, men venta ikkje å treffa deg her. Leversund ja, - Leversund ja, mumla han for seg sjøl og mintes. Denne slanke, vitale karen midt på 80-talet, budde tidlegare på Bømlo, men flytta tilbake til røtene sine for nokre år sidan. Eg var fastlege for han og sist han var hos meg skulle han berre fornya førarkortet. Det hadde mange bokstavar og klassar då, men nokre færre no vil eg tru.  Sjøl om han allerede den gongen hadde flytta, ville han venta med å skifta fastlege til han hadde vore til klassing, som han sa. 

Du skjønar det, at det er ikkje sikkert ein ny fastlege vil godkjenna meg. Rett nok høyrde han noko dårleg og brukte konstant utestemme også innomhus, men han var ellers i fin form både fysisk om mentalt.  
Eg må snakka så høgt hvis eg skal høyra kva eg seier, var forklaringa hans på utestemma. 
- Kåno, ho klagar ho og. Så sto me då der i butikken og mønstra kvarandre på to meters Koronaavstand og småprata ei ørlita stund.  Eg venta ikkje å møta deg her, sa han.
Eg er på gjennomreise til Voss. 
Å ja, - ferjo går om eit kvarter. Han ønska meg god tur vidare og begynte å gå mot kassen. Snudde seg halvvegs og sa: Det var kjekt å sjå deg att. Har sakna deg. Du får ha god tur vidare. Likeeins, svarte eg og gjekk vidare innover i butikken. For det var faktisk kjekt å møta han att etter gamalt. Så kjørte eg vidare på dei svingete vegane. Desse vegane over Njardarlog, som skal erstattast med firefelts veg.

Jan Leversund IX

(Olav Kvinge, red)

Sist redigert mandag, 22 mars 2021 18:44