Det eg elskar i logen

Ein ven spurde meg
Kva er det du elskar i logen
Er det vakre menneske – med vakre kostyme
Ja det er nok det. Vakre kostyme
Men ikkje dei menneskeskapte kostyma
Nei, eg elskar menneskas gudekostyme

 Eg elskar dei vakre røystene i koret
ikkje menneskerøystene
Nei det er hjarterøystene eg elskar
Dei skapande røystene
som skapar andre vakre røyster hos andre vakre menneske

Det er dei vakre seremoniane
Men ikkje dei ein kan lesa seg til i boka
Nei det er dei seremoniane som oppstår i samspel mellom menneske
Menneske som held stiane åpne mellom seg –
Som veit at det som er viktig for bror min
Er også viktig for meg

Det er dei vakre orda
Ikkje dei du kan lesa i bøker eller blad
Nei det er dei uskrevne orda, dei usagte
Dei orda som har stykje i seg til å byggje bruer - Til å berga liv
Men som og kan ha styrkje i seg til å enda liv – om dei ikkje nyttast rett.

Det er venskapen frå brørne
Ikkje den som krev aksept eller ros
Ikkje den som syner velstand eller status
Nei det er venskapen som berre er
Som er nok i seg sjølv
Som vil etterlata tomrom og saknad om han kverv bort.

Det eg elskar er Meisterens nærvær i vår loge
Ikkje det handfaste vi kan syna eller skryta av
Ikkje det nærvær som må definerast og talast om
Nei det er det nærvær som gjennomstrøymer meg under kontemplasjonen.
I tystnad, med ope sinn og knepte hender, og ellers inkje

Det eg elskar i logen er tryggleiken
Ikkje den som kostar pengar
Ikkje den som må vaktast
Nei, eg elskar den tryggleiken som oppstår når brør står lenka saman
Hand ved hand - Skulder ved skulder
Kor trygg eg kjenner meg bror, med styrken frå di hand i mi hand,
med varmen frå di skulder mot mi skulder.

Kor sterk eg kjenner meg.

Nils Erik Østerud
St. Michael t.d.g. Stjerne
Sist redigert tirsdag, 31 mars 2015 15:32